Arkiv

Administrasjon

Konsert i Åkra kyrkje

Laurdag 7. november kl.18.00

”Dette blir ein spanande og flott konsert,”fortel Annie og Synnøve i kor!”Me skal framføra salmar og folketonar i moderne drakt! Ein annan spanande ting er maten me skal servera etterpå. Då kan publikum stoppa igjen og få smaken på filippinsk mat! Då vil me servera vårrullar, kyllingvengjer, ris og salat!” Annie Lindanger kjem frå Filippinane
og er eksperten bak dette. Ho kom til Noreg for ca 10 år sidan. Då gifta ho seg med Børre. ”Eg trefte Børre i Manila. Han hadde med ein julepakke som eg skulle ta heim til slekta mi! Han var både snill og kjekk,” ler Annie. Det gjekk eitt år før ho sa frå seg jobben på eit apotek i Manila og reiste til Noreg. Nå har Annie og Børre to barn i skulealder.

Gratis entré. Kollekt til arbeid på Filippinene.

Les mer i Menighetsbladet nr. 3-2009.