Arkiv

Administrasjon

Samtalegrupper for enker/enkemenn. Oppstart i januar.

Mange opplever samtalegrupper som ein god stad å vera i den tunge tida som kjem etter tapet av ein dei var glad i. Utover vinteren blir det høve til å vera med i ei slik samtalegruppe, og første samling blir onsdag 6. januar i kyrkjestova på Åkra . Gruppa er under leiing av Kjell Arne Medhaug, og er open for enker og enkemenn. Kanskje du som les har nokon som kan tenkjast å ha bruk for dette tilbodet? Då er det fint om du formidlar dette vidare til den det gjeld. Ta kontakt med kyrkjekontoret (tlf. 52812010), eller Kjell Arne (tlf. 97077425) for informasjon og påmelding.